Øygarden kommune Øygarden lokalmedisinske senter

Sjukepleiar vikariat 60% natt

Øygarden Lokalmedisinske senter 2. etg sjukepleiar vikariat natt 60 % frå 1.12.2022 – 2.1.2024

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Øygarden lokalmedisinske senter (LMS) inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillingane som her vert lyst er til ei kortidsavdeling i kommunal regi lokalisert i 2. etg LMS  for 10 pasientar.

Stillingane blir lagt i årsturnsus, fortrinnsvis med arbeid 16 helgar.  

 

Arbeidsoppgåver for alle som blir tilsett:

  • Pleie og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med liknande pasientgrupper vi bli vektlagt. 

 

Eigenskapar:

  • Du er fagleg dyktig og held deg oppdatert
  • Du er oppteken av pasienten sin rett til medbestemmelse  og set pasientens behov i sentrum
  • Du tykjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av  opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt, har godt humør og tek eit tak når det trengs
  • Du er er open,  nysgjerrig, finn løysingar og gir beskjed når det trengs
  • Du har gode IT-kunnskap, skriv og snakkar godt norsk
  • Du trivs med arbeid på natt

 

Anna:.

  • At du er personleg egna blir vektlagt.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Anita Bildøy Hestad  – Avdelingsleiar  48177990

Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55097220

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

Del på:

Referansenr:

22/16077

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

14.10.2022

Tiltreding:

01.12.2022

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Tonje Tangen Alvsvåg

tlf: +47 55097220

mob: +47 99700857

Adresse:

Blombakkane 77 5354 Straume