Øygarden kommune PPT

PPR

Pedagogisk psykologisk rådgjevar 100% fast

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.  
 
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.  

Om avdelinga:  

Det vert no lyst ut etter PP-rådgjevar i 100% fast stilling, frå 12.08.2024. 

Stillinga er plassert i PP-tenesta, og vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med rådgjeving til tilsette i barnehage, samtaler med barn og unge, og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar. Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid. 

Det tverrfaglege arbeidet vert tilrettelagt gjennom ulike samarbeidsorgan og team innan tenesta, og på tvers av tenester. BTI er eit viktig satsingsområde, saman med Språkkommunen og Trygg i Fellesskap, TIF. Kontorarbeidsplassen er sentralt på Straume, og PPT er ute i einingar i heile kommunen. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Rettleiing til barnehage/føresette 

  • Utgreiing/sakkunnig vurdering 

  • Kontaktansvar for einingar 

  • Samarbeid internt og eksternt, deltaking i ulike team mm 

Kvalifikasjonar:   

Må ha:  

  • Søker må ha utdanning, kompetanse og/eller erfaring innafor pedagogikk/spesialpedagogikk i barnehagen. 

  • Søkar må ha godkjent universitet/høgskuleutdanning i Norge. 

  • Søkar må ha god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg.  

Bør ha: 

  • Søkar bør ha kompetanse på utgreiing for born i barnehagealder. 

  • Søkar bør ha kompetanse og/eller erfaring knytt til samansette lærevanskar. 

  • Søkar bør ha kompetanse i/eller erfaring med observasjon og rettleiing knytt til utviklingsarbeid i barnehagen. 

Ønskjeleg med:  

  • Det er ønskelig at søkjar har erfaring frå PP-tenesta 

Personlege eigenskapar:  

  • Gode samarbeidsevne 

  • Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Anna:  

  • Søkjar må kunne bruka eigen bil i tenesta 

  • Stillinga krev gyldig politiattest 

Vi tilbyr: 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

  • IA-bedrift  

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer  

  • Interessante utfordringar  

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt:  

Einingsleiar: Merete Nygård Ingebrigtsen 

merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. 

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. 

Del på:

Referansenummer:

24/8794

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.04.2024

Tiltreding:

12.08.2024

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Merete Ingebrigtsen

tlf: +47 47248216

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5353 Straume

Kart: