Øygarden kommune - Helse og velferd

Sundheimen somatisk avdeling

Sjukepleiar 80% og 100% faste stilllinger

 Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på somatisk avdeling ? 

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar. 

Som sjukepleiar hjå oss får du høve til å vere med på å påverke din eigen arbeidskvardag, du får jobbe tverrfagleg i eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase. Avdelinga har kvar vekedag ein sjukepleiar «på topp», som gjer reine sjukepleiefaglege oppgåver, denne rolla rullerast på. Vi har serviceassistentar på avdelingskjøkken 3-4 dagar i veka.  Arbeidsmiljøet vårt er vi er stolt av, og du vil bli tatt godt imot hjå oss på somatisk avdeling.  

Vi har leldig ein 80% som er ledig frå 01.02.24 og en 100% som er ledig frå 01.03.24

 Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje 
  • Sjukepleiefaglege oppgåver. 
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov 
  • Sørge for god dokumentasjon i CosDoc 
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid 
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar  
  • Laboratorie-arbeid  

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Digital kompetanse  

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorg 

Personlege eigenskapar:

  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert 
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst 
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter 
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar 
  • Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid  
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar 
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive 
  • Personleg eignaheit blir vektlagt  

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø  
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Øygarden kommune har behov for. 
  • Rekrutteringstillegg 
  • Spennande og variable kvardagar
  • Gratis parkering og det er mogleg å lade  

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

23/19893

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

03.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Skogsvåg

Kontaktpersonar:

Irene Sylte Glesnes

tlf: +47 56160400

Janne Thode

tlf: +47 56160400

mob: +47 45044569

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5382 Skogsvåg

Kart: