Øygarden kommune Fjell sjukeheim

Fjell sjukeheim / Demens avdeling

Sjukepleiar 100% fast

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.  

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.  

Om avdelinga:  

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume. 

Sjukeheimen har 52 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 44 pasientar  og dementavdelinga med 8 pasientar. 

Dementavdelinga er rehabilitert, og har velferdsteknologi knytt til alle rom. 

Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar,  lege og musikkterapeut , som alle jobbar saman for å møte pasientane sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit godt arbeidsmiljø. 

Vi treng no ein  dyktig og kunnskapsrik sjukepleiar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette sjukepleiaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.  

Pasientane på dementavdelinga har langtidsplass. Alle med ulike behov, og vi har fokus på individuell tilpassa oppfølging og tenester, med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får bruke din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak. 

Vi har eit godt fagmiljø og  jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi har eit ønskje om – og vi jobbar målretta mot dette – å få sjukepleiarane i sjukepleiarteam. 

Ta gjerne kontakt på telefon til avdelingsleiar eller einingsleiar om du har spørsmål om stillinga. 

Kvalifikasjonar:   

Må ha: Autorisert sjukepleiar  

Ønskjeleg med:  Erfaring frå sjukeheim  

Kven er du? 

  • Du verdset gode kollegaer og det å jobbe saman som eit lag 

  • Du er løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre 

  • Strukturert, nøye og effektiv 

  • Engasjert 

  • Du kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet 

  • Evner å jobbe sjølvstendig 

  • Ønskjer å jobbe med eldre menneskjer 

Arbeidsoppgåver: 

  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper 

  • Sjukepleiefaglege oppgåver 

  • Blodprøvetaking og anna medisinsk utstyr 

  • Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studenter 

  • Administrasjon – tiltaksplaner, prosedyrer, rapportering m.m. 

Vi tilbyr: 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

  • IA bedrift  

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer  

  • Interessante utfordringar  

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

  • Mogleg med langvaktsturnus eller tilpassa turnus 

  • Sjukepleieteam (er eit satsingsområde for Fjell sjukeheim) 

  • Sjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff. 

  • Gratis parkering i parkeringshus 

  • Startlån  

Kontakt: Einigsleiar: Eivind Flem Tlf: 55 09 74 13  /  40 61 13 84 

Avd.leiar:    Maria G Furenes  55 09 74 03 / 480 39223 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Del på:

Referansenummer:

24/8849

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Fjell

Kontaktpersonar:

Eivind Flem

tlf: +47 55097413

mob: +47 40 61 13 84

Maria Grimeland Furenes

tlf: +47 55097403

mob: +47 48039223

Adresse:

Blombakkane 5353 Straume

Kart: