Øygarden kommune Tjeldstø skule

Tjeldstø skule

Rektor 100% fast

Om avdelinga

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. 

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. 

Om skulen: 

Tjeldstø skule er ein barneskule med 102 elevar og 19 tilsette skuleåret 2024-2025.  
Skulen ligg lengst nord  i Øygarden kommune, om lag 40 km frå Straume sentrum. Du kan lese meir om skulen her. 

Vår visjon er «Ingen Utanfor» med kjerneverdiane -tillit, ansvar og lærelyst. 
Skulen er ein Leksebevisst skule med fokus på lesing. Dette betyr at heimearbeidet i hovudsak er lesetrening. Satsingsområda dei komande skuleåra er lesing og DDI (digital didaktikk og inkludering med Statped). Vi er også med i DeKomp i samarbeid med UIB  
Tjeldstø skule er ein DUÅ skule (Dei utrulege åra), der vi har sosiale mål grunna på DUÅ-prinsipp. 
Skulen blei bygd i 2015 og er ein moderne og godt utrusta skule med god plass. Fine klasserom, mange spesialrom som sløyd-, kunst og handverk-, leire-, mat og helserom og stor gymsal. 

Skulen ligg nær natur og sjø. Vi har utesymjing timeplana kvar veke frå februar til november, i tillegg har vi uteskule kvar veke på alle trinn. Å bruke naturen rundt oss i undervising og i SFO er viktig for vår skule. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet 

  • Økonomiansvar 

  • Forvaltningsoppgåver 

  • Overordna personalansvar 

  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon 

  • Samarbeide med politisk og administrativt nivå 

  • Samarbeid med andre instansar 

Kvalifikasjonar: 

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet 

  • Undervisningskompetanse frå grunnskule 

  • Pedagogisk kompetanse 

  • Leiarerfaring, gjerne frå grunnskule 

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 

Ønskja kvalifikasjonar: 

  • Relevant leiarutdanning 

  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring 

  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging 

  • God IKT-kompetanse 

Vi ser etter deg som 

  • Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering 

  • Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede 

  • Har evne til å samarbeide, lytte , rettleie og skape gode relasjonar 

  • Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring 

Vi tilbyr: 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • IA verksemd 

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 

  • Interessante utfordringar 

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt: 

Skulesjef oppvekst Jon Erik Egeland  915 20625 
Noverande rektor Tjeldstø skule Linda Færestrand 90629025  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. 

Del på:

Referansenummer:

24/8797

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.04.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Øygarden

Kontaktpersonar:

Linda Færestrand

tlf: +47 56385503

mob: +47 90629025

Adresse:

Neset 25 5336 Tjeldstø

Kart: