Heimetenesta
Helsefagarbeidar, 60% fast natt
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent helsefagarbeidar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Det vert no lyst ut 60% fast stilling natt for helsefagarbeidar i heimetenesta. Sonekontor på Straume. Stillinga ligg i årsturnus.
Arbeidsoppgåver:
Helsefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim
Primærarbeid
Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar for stillinga:
Fagbrev som helsefagarbeidar
Tilsette som er under utdanning/ venter på fagprøve eller som har kort tid igjen av læretida kan være aktuell inn i stillinga om det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar
Andre krav:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Søkjar må ha førarkort for bil
Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Kompetent, open, påliteleg og engasjert
Fleksibel og løysningsorientert
Gode etiske og faglege haldningar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Marianne V. Berland, tlf 56 16 16 60 / 901 59 103
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56 16 05 02 / 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Referansenummer:
24/9070
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Søknadsfrist:
03.05.2024
Tiltreding:
03.06.2024
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Marianne Våge Berland
tlf: +47 56161660
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5382 Skogsvåg