Øygarden kommune Sundheimen

Sundheimen

Merkantil 50% fast stilling

Er du vår nye medarbeidar i eit spennande , triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Fagdekninga er god og trivselen høg. Ønsker du å være del av vårt trivelege fellesskap, er du hjarteleg velkommen til å søke jobb hjå oss.

 

Som kontormedarbeidar hjå oss er DU ei viktig støttespiller for alle på sjukeheimen. Du har mykje kontakt med både tilsette, bebuarar og besøkande. Det er arbeid 2 dagar ei veke og 3 dagar neste veke.  

Arbeidsoppgåver:

  • Ca 10 % av stillinga er Vederlagsberekning – opplæring vil bli pårekna
  • Fakturahandsaming
  • Arkivering / skanning til dokumentsenter
  • Hente/ levere/ fordele post
  • Bestilling av kontorrekvisita
  • Kontorarbeid og andre oppgåver gitt frå leder
  • Tett samarbeid med einingsleiar og avdelingsleiarar
  • Være kontaktperson og ansvar for levering av tøy frå eksternt vaskeri
  • Ha oversikt over utleiga lokale

Kvalifikasjonar: 

Må ha :

  • Fagbrev i kontorfaget
  • Tilsvarande utdanning, erfaring kan bli vurdert
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve

Ønskjeleg med

  • God økonomiforståing
  • Kunnskap og erfaring med vederlagsberekning for sjukeheimsopphald i CosDoc
  • Kunnskap og erfaring med fakturabehandling i Visma Enterprise  og CosDoc
  • God kjennskap til lover og forskrifter ifht eigenbetaling av sjukeheimsopphald
  • Evne til å sjå samanhengar
  • Generell erfaring med Cosdoc programmet

Personlege eigenskapar:

  • Du serviceinnstilt
  • Du er løysningsorientert, engasjert, kompetent, fleksibel og  positiv
  • Du arbeide sjølvstendig,  strukturert og punktleg
  • Du er ansvarsbevisst og interessert i forbetringsarbeid
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremje det positive og være en støttespiller for kollegaer
  • Godt humør
  • Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Gratis parkering

Kontakt:

-        Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ynskjer kommunen å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. 

Del på:

Referansenummer:

24/8848

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

01.06.2024

Arbeidsstad:

Skogsvåg

Kontaktpersonar:

Janne Thode

tlf: +47 56160400

mob: +47 45044569

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5382 Skogsvåg

Kart: