Ågotnes legekontor
Fastlege, Selvstendig næringsdrivende
Fastlege – Ågotnes legekontor
Øygarden kommune søkjer ein engasjert fastlege til fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor. Vi ser etter deg som ønskjer ein variert arbeidskvardag i eit godt fagmiljø, med høve til både fagleg utvikling og stort sjølvstende.
Om legekontoret
Ågotnes legekontor ligg sentralt på Ågotnes . Ca 30 minutter kjøring frå Bergen sentrum Har moderne lokale, erfarne kollegaer og dyktige helsesekretærar. Kontoret har eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med kommunen sine helse- og omsorgstenester. Ein nyttar Infodoc som journalsystem. Listesørrelse ca 1100 pasientar. ALIS avtale blir gitt til fastlegar under spesialisering. Praksiskompensasjon blir gitt inntil 5 dagar pr år til spesialister som resertifiserer seg i spesialiteten allmennmedisin.
Arbeidsoppgåver:
Drift av fastlegeheimel som sjølvstendig næringsdrivande
Allmennlegeoppgåver i tråd med fastlegeordninga
Deltaking i legevakt etter gjeldande ordning. Pr tid treng ein ikkje å delta i legevaktarbeid,. Det er heller ikkje pr tid krav til anna kommunalt legearbeid.
Samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester
Kvalifikasjonar :
Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1
Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Kjennskap til norsk helsevesen og fastlegeordninga
Personlege eigenskapar :
Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, arbeider sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr :
Etablert fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor
Godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Moderne lokale og erfarent hjelpepersonell
Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
Konkurransedyktige vilkår etter gjeldande avtaleverk
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 22.11.2026
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med kommuneoverlege Stein-Inge Stigen,
stein.stigen@oygarden.kommune.no.
Tlf: 55097226
Del på:
Referansenummer:
2026/23116
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.10.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Ågotnes
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Foldnesvegen 5353 Straume