Øygarden kommune

Veg

Vi søkjer ferievikarar og ringe/timevikarar

Om avdelinga

Transporttenesta i Øygarden Kommune utfører køyreoppdrag i heile kommunen.

Vi køyrer brukare til og frå ulike dagtilbod  innanfor tidsrommet 06.00-17.00 måndag til og med fredag. Bussane har 16 + 1 seter med heis for rullestolbrukar

Oppmøte- og stoppestad er: Austre Sundvegen 25, Skogsvåg. 

Arbeidsoppgåver:

  • Medverka til planlegging av køyreruter
  • Køyre brukare til og frå ulike dagtilbod
  • Klargjering av bussar

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Førarkort klasse D1 (minibuss)
  • YSK- persontransport
  • Køyreseddel for persontransport
  • Sjåførkort for fartsskrivar
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

Imøtekomande og vennleg

Tolmodig og ansvarsbevisst

Gode samarbeidseigenskapar

Fleksibel og trivs i eit hektisk miljø

Anna:

Det blir gitt full opplæring på alle køyreruter.

Vi har og utlyst ein 100%  fast sjåførstilling, for meir info sjå utlysing: Øygarden kommune - Sjåfør 100% fast stilling

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar

Kontakt:

Merete-Helen Folkestad

Transportkoordinator

Mobil: 90068116

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.09.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Skogsvåg

Kontaktpersonar:

Merete-Helen Folkestad

mob: +47 90068116

E-post: merete.folkestad@oygarden.kommune.no

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5354 Straume

Kart: