Øygarden kommune Kommuneoverlegen

Sundheimen/Kvednatunet

Sjukeheimslege 80 % fast stilling

Vil du vere med og utvikle framtidas sjukeheimstenester i Øygarden kommune?

Øygarden kommune søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukeheimslege i 80 % fast stilling. Vi ønskjer ein lege som vil vere med å sikre gode og heilskaplege helsetenester for eldre innbyggjarar, og som ser verdien av tett samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer.

Som sjukeheimslege får du ei sentral rolle i den medisinske oppfølginga av bebuarane og blir ein viktig del av eit tverrfagleg fagmiljø med fokus på kvalitet, pasienttryggleik og fagutvikling. Vi har eit team på 8 sjukeheimsleger som har eit godt samarbeid. Denne aktuelle stillinga er pr tid lokalisert til Sundheimen og Kvednatunet.

Arbeidsoppgåver:

  • Utredning og behandling av akutte og kroniske sjukdomstilstandar.
  • Legemiddelgjennomgangar og evaluering av behandlingsplanar.
  • Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og andre faggrupper.
  • Samarbeid med fastlegar, legevakt og spesialisthelsetenesta.
  • Oppfølging og kommunikasjon med pårørande.
  • Deltaking i kvalitets- og forbetringsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 eller tilsvarande godkjend teneste.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Interesse for geriatri, allmennmedisin og/eller palliasjon.
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta eller sjukeheim er ønskjeleg.

Vi ser etter deg som:

  • Har gode kliniske vurderingsevner og høg fagleg integritet.
  • Samarbeider godt i tverrfaglege team.
  • Er sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert.
  • Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Har særleg interesse for eldreomsorg og heilskapleg pasientbehandling.

Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull legejobb i 80 % stilling.
  • Høve til å følgje pasientane over tid og bidra til god livskvalitet.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Faglege utfordringar og moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid innanfor gjeldande rammer.

For nærare opplysningar om stillinga kan du kontakte:

Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen
Telefon: 99 626 626

Epost: stein.stigen@oygarden.kommune.no

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.09.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sund/Ågotnes

Kontaktpersonar:

Stein Inge Stigen

mob: +47 99626626

E-post: stein.inge.stigen@oygarden.kommune.no

Adresse:

Foldnesvegen 5353 Straume

Kart: