Øygarden kommune

Straumehagen

Vaken nattevakt, 60% stilling vikariat - Straumehagen

Om avdelinga:

Straumehagen ligg sentralt på Straume og yter tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar. Det er ei tverrfagleg samansett personalgruppe. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Det er ein baseleilighet som er knytt til nokre av leilegheitene.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn og oppfølging av bebuarne
  • Vere ein trygg kontaktperson
  • Bidra til dagleg omsorg
  • Stell og pleie
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Ufaglærte kan også bli vurdert dersom kvalifiserte søkjarar ikkje melder seg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med målgruppa

Personlege eigenskapar:

  • Trygg
  • Fleksibel
  • Sjølvstendig 
  • Løysningsorientert

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt: 

Avdelingsleiar: Torill Wikse Rognskog Tlf: 474 82 676

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/15776

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

13.07.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Torill Wikse Rognskog

tlf: +47 55096920

E-post: torill.rognskog@oygarden.kommune.no

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5354 Straume

Kart: