Øygarden kommune

Barneverntenesta

Miljøterapeut 100% fast – EM Tiltak Hus 1

Om avdelinga:

Tiltaket for einslege mindreårige flyktningar består av eit bufellesskap og fleire bukollektiv, og er organisert i barneverntenesta under kommunalsjef oppvekst. I bufellesskapet er det kapasitet til 5-6 ungdomar, og pr. i dag bur det fem ungdomar der. I tillegg er det busett fleire ungdomar i eigne bustader som høyrer til under EM Tiltaket. Det er totalt åtte miljøterapeutstillingar i bufellesskapet, som alle jobbar i langvaktturnus. Bufellesskapet er lokalisert på Brattholmen, på Lille Sotra.

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøterapeutisk oppfølging av ungdom i bufellesskapet
  • Skape tillit og trygg relasjon til ungdommen med fokus på å utvikle sjølstende
  • Samarbeid med andre instanser

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Bachelorutdanning innan relevant fagområde barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
  • Erfaring frå arbeid med ungdommar, saman med anne høgskule utdanning vil oppfylle kompetansekravet
  • Det stilles krav om sertifikat.

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid vert vektlagt                 
  • Kunnskap om traumebasert tilnærming
  • God skriftleg framstilling

Personlege eigenskapar:

  • Like å jobbe med ungdomar
  • Evne til å skape trygge relasjoner
  • Arbeide i team og samstundes kunne arbeide sjølvstendig

Anna:

Arbeidstida er turnus med arbeid knytt til langvakter( 2/7 - 2/7 – 3/7), med arbeid kvar fjerde helg. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt

Avdelingsleiar Marian Austrheim Tlf: 92485977 Marian.Austrheim@oygarden.kommune.no

Einingsleiar barnevern Hege Gundersen Tlf: 93484846 Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/15244

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.07.2026

Tiltreding:

01.09.2026

Arbeidsstad:

Brattholmen

Kontaktpersonar:

Hege Gundersen

mob: +47 93484846

E-post: hege.gundersen@oygarden.kommune.no

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5354 Straume

Kart: