NAV Øygarden
100% vikariat som rådgjevar
Om avdelinga:
Vil du være ein del av eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere forskjell i menneske sine liv? NAV Øygarden er ein spanande og utviklande arbeidsplass med om lag 80 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi held til i eit moderne lokale sentralt på Straume.
Stillinga er for tiden lagt til Avd Arbeidsinkludering og vil få ansvar for å gje heilskapleg og arbeidsretta oppfylging av flyktningar som har fullført introduksjonsprogram
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg rettleiing og oppfølging av brukarane i deira prosess mot arbeid, utdanning eller aktivitet
- Kartlegge ressursar , moglegheiter og behov
- Oppsøke og følgje opp hos arbeidsgjevarar, skape relasjonar og finne moglegheiter
- Nav er i stadig endring og omstilling, Du må derfor rekne med endring av arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Relevant høgskule eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå
- Erfaring frå og motivasjon for arbeid med minoritetsspråklege
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeidsretta oppfylging
- Kjennskap og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
Eigenskapar:
- Du har kunnskap om og toleranse for menneske med ulik bakgrunn og kultur
- Du er fleksible, har god arbeidskapasitet og liker å være på farten
- Du er ein lagspelar og bidrar positivt til et godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Anna:
Vikariatet har ein varigheit til 31.12.27 med moglegheit for lenging.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt
Fungerande avdelingsleiar Ingvild Angell Bakke tlf 9308 3272 eller mail: Ingvild.angell.bakke@nav.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/14584
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
28.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.nav.noAdresse:
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5354 Straume