Hjelteryggen skule
Fagarbeidar 100% vikariatt
Om avdelinga:
Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 170 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua.
Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gir eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar.
Personalet jobbar i tverrfaglege team, der ulike faggrupper er representert.
Avdelinga tek imot borna frå heile kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Gje støtte og hjelp til born i læringsarbeid, sosial utvikling og i samspel med andre.
- Oppfølging av born med særlege behov (personleg assistanse)
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i SFO
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning.
Ønskjeleg med:
- Ønskjeleg med erfaring frå skule.
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- God arbeidskapasitet
- Fleksibel
- God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- God evne til å løyse komplekse utfordringar
- Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gratis parkering og moglegheit for lading
Kontakt:
Siri Håland
Rektor
Siri.haland@oygarden.kommune.no
Telefon: 55097904/92857144
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/13876
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.06.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Hjelteryggen
Kontaktpersonar:
Adresse:
Søre Knappen 4 5355 Knarrevik