Finans og økonomi
Økonomirådgjevar 100% fast
Om avdelinga:
Kommunalsjefområde Finans og økonomi består av einingane Rekneskap og løn, IKT og dokumentsenter, Innkjøp samt stabsfunksjonar. Stillinga som økonomirådgjevar er plassert i stab og rapporterer direkte til kommunalsjef.
Arbeidsoppgåver:
- Aktiv deltaking i kommunens budsjettprosess og økonomirapporteringar
- Støtte og økonomisk oppfølging av kommunalsjefområde Samfunnsutvikling
- Utarbeide relevante økonomiske analyser og delta i utgreiings- og prosjektarbeid
- Sikra gode avgjerder gjennom godt grunnlag
- Bidra til vidareutvikling av kommunens økonomistyring og -system
- Overordna oppgåver knytt til økonomi
- Eigedomsskatt
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Mastergrad innan økonomi og administrasjon (siviløkonom).
- Erfaring med økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor
- Gode excel-kunnskapar og erfaring med bruk av digitale verktøy
- Du har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Administrasjonsspråket er nynorsk og du må meistre dette
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå offentleg sektor
- Erfaring med Visma Enterprise og Framsikt
Eigenskapar:
- Du har god økonomiforståing og analytiske evner
- Du har gode samarbeidsevner
- Du tar initiativ og liker å arbeida sjølvstendig
- Du er nysgjerrig og utforskande
- Du trivast med å jobba i eit aktivt miljø
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontaktperson:
Kommunalsjef Finans og økonomi Anne Erdal
Telefon: 902 88 087
E-post: anne.erdal@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/13860
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
10.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Foldnesvegen 2 5354 Straume