Øygarden kommune Grønebakkane bustader

Grønebakkane bustader

23% fast stilling helgestilling

Grønebakkane yter heildøgns omsorgstenester til menneske med nedsett funksjonsevne som bur i døgnbemanna bufellesskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på.

Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Bufellesskapet ligg sentral i Skogsvåg nær offentleg transport og Kommunedelsenter.

Stillinga er langvakter 4. kvar helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar:

  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie.
  • Ønskjeleg med relevant arbeidserfaring
  • Ønskjeleg med sertifikat klasse B.

Personlege eigenskapar:

  • Trygg.
  • Løysingsorientert.
  • Fleksibel.
  • Strukturert.

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik: 
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn.
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn.
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn.
  • Du må dokumentere kor langt du er komen i studie.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/13686

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

16.06.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Skogsvåg

Kontaktpersonar:

Silje Helen Berntsen

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 96942253

Adresse:

Grønebakksvegen 7 5382 Skogsvåg

Kart: