Øygarden kommune

Ternholmtunet bufellesskap

Helsefagarbeidar 67% fast nattevakt

Om avdelinga:

Ternholmtunet bufellesskap og Rong omsorgsboligar ligg på Rong, og gjev tenester til 11 personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.

Målet vårt er å leggja til rette for at kvar bebuar får ein aktiv og meiningsfull kvardag. Trivsel, sjølvråderett, tillit og meistring står sentralt i arbeidet vårt. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.

Vi har no ledig to 67% fast nattevaktstillingar.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn natt – målretta miljøarbeid
  • Medikamenthandtering
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i fagjournal

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar

Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert

  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med brukargruppa
  • Vere kjend med elektronisk klientsystem

 Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
  • Respekt og engasjement for brukargruppa
  • Du er lærelysten og tek ansvar

Anna:

  • Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
  • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:
Avdelingsleiar: Åshild Erstad Hagen mobil 909 43 934

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/13496

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

11.06.2026

Tiltreding:

01.09.2026

Arbeidsstad:

Rong

Kontaktpersonar:

Åshild Erstad Hagen

mob: +47 90943934

Adresse:

Ternholmvegen 51L 5337 Rong

Kart: