Kommuneoverlegen
Ledig fastlegeheimel
Øygarden kommune har ledig fastlegeheimel for sjølvstendig næringsdrivande fastlege ved Ågotnes legekontor.
Om legekontoret
Ågotnes legekontor er eit moderne og godt utstyrt legekontor med fem fastlegar og dyktige helsesekretærar. Kontoret ligg sentralt på Ågotnes, om lag 30 minuttar med bil frå Bergen sentrum.
Vi legg stor vekt på godt kollegialt samarbeid, fagleg utvikling og eit trygt arbeidsmiljø. Kontoret nyttar Infodoc-journalsystem og har etablerte rutinar for drift, økonomi og kvalitetsarbeid.
Om fastlegeheimelen
Storleik på heimelen: 1 150 listepasientar
Organisering: Sjølvstendig næringsdrivande etter fastlegeforskrifta
Tiltreding: 1. august 2026 eller etter avtale
Det kan leggjast til rette for:
ALIS-løp
Gradvis oppbygging eller reduksjon av pasientlista
Arbeidsoppgåver
Kurativ allmennlegeverksemd som fastlege
Listeansvar for eigne pasientar
Kollegial fråversdekning saman med dei andre legane på kontoret
Deltaking i kommunal legevakt dersom ønskjeleg
Per i dag er det ikkje plikt til legevakt
Samhandling med andre kommunale helsetenester
Det er per i dag ikkje knytt andre kommunale legeoppgåver til denne fastlegeheimelen.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege
Spesialist i allmennmedisin, eller påbyrja eller ønskje om ALIS-løp
Gjennomført turnusteneste eller LIS1
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Fagleg engasjert og pasientorientert
Sjølvstendig og ansvarsmedviten
Gode samarbeidsevner
Interesse for kontinuerleg fagleg utvikling
Personlege eigenskapar vil bli lagde særleg vekt på.
Vi tilbyr
Ein etablert og veldriven fastlegepraksis
Gode innteningsmoglegheiter
Føreseielege rammevilkår
Eit godt arbeidsmiljø med låg terskel for kollegial støtte
Gode høve til fagleg utvikling og spesialisering
Søknad og kontakt
Søknad vert sendt elektronisk.
For nærare informasjon, ta kontakt med:
Stig Guntveit, heimelsinnehavar
Telefon: 48 60 24 61
Stein‑Inge Stigen, kommuneoverlege
Telefon: 55 09 72 26
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Referansenummer:
2026/9439
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.05.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Ågotnes
Kontaktpersonar:
Stein Inge Stigen
mob: +47 99626626
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Foldnesvegen 5353 Straume