Arealplanleggar
Arealplanleggar 100% fast stilling
Øygarden kommune skal vere ein aktiv samfunnsutviklar. Ønskjer du å bli ein del av eit team i ein kommune som er kjent for å vere framoverlent og utviklingsorientert? Trivst du i eit miljø med høge forventningar, spennande arbeidsoppgåver og i eit samfunn i stor utvikling, er kanskje dette stillinga for deg.
Om eininga:
Eininga har 17 engasjerte tilsette med brei fagleg kompetanse. Eininga har både detaljreguleringar og overordna planar etter plan- og bygningslova i planporteføljen. I tillegg ligg geodata og utviklingsoppgåver til eininga. Oppgåvene våre er relatert til arbeidsoppgåver som skal styrke både kunnskaps- og plangrunnlaget for samfunnsutvikling i kommunen.
Eininga har i stor grad ei samordnande rolle og jobbar tverrfagleg med andre einingar og avdelingar i kommunen. Eininga har også eit utstrekt samarbeid med regionale og lokale utviklarar og samarbeidspartar.
Vi har fokus på å vera framoverretta i arbeidsoppgåvene våre og jobbar for heilskaplege løysingar som sikrar ei berekraftig forvaltning av kommunen sine verdiar og utviklingspotensiale. Gjennom arbeidet med arealdelen til kommuneplanen søkjar ein å oppnå meir kvalitet og berekraft i planlegginga av kommunen. Avdelinga er langt framme nasjonalt i utvikling av metode og prosess for planvask og næringsplanlegging.
Dei viktigaste oppgåvene for avdelinga dei kommande åra er arealdelen til kommuneplanen, sentrumsutvikling på Straume og legge til rette for ei grøn omstilling av næringslivet i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Rettleia, koordinera og behandla private reguleringsplanar.
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å utvikle fag- og kunnskapsgrunnlag relatert til planprosessane.
- Prosjektdeltakar/leiar i offentlege arealplanar og tematiske delprosjekt, samarbeid og dialog med hovudfokus på sentrumsområda, næring og utviklingsprosjekt.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Høgare utdanning innan fysisk planlegging, by- og regional planlegging, areal og eigedom, landskapsarkitektur, trafikkplanlegging, geografi, arkitektur eller ingeniørfag.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Ønskjeleg med:
- Erfaring med oppgåver relatert til arealplanlegging frå offentleg eller privat verksemd
- Mastergrad innan relevant fagområde
- Relevante tilleggsutdanningar, t.d. innan klimatilpassing, naturforvaltning, sentrumsutvikling, prosjektleiing, næringsutvikling, planjuss
- Erfaring med bruk av GIS programvare eller andre digitale programvarer, knytt til utarbeiding og framstilling av plan og analyse
- Erfaring med formidling
- Erfaring med prosjektleiing
Personlege eigenskapar:
- Samfunnsengasjert
- Løysingsorientert
- Vera strukturert og sjølvstendig
- Evna til raskt å setja seg inn i nye oppgåver
Vi tilbyr:
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- 100 % fast stilling, arbeidsstad er på Straume med høve til fleksibel arbeidstid og heimekontorløysing
- Løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontakt:
Einingsleiar plan
Lena Svalastog Garnes
Epost: lena.garnes@oygarden.kommune.no
Telefon: 56 16 01 88
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/8070
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.04.2026
Tiltreding:
01.06.2026
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Lena Svalastog Garnes
mob: +47 56 16 01 88
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 0000 Straume