Øygarden kommune

Øygarden lokalmedisinske senter

Helgestillingar 15% fast

Om avdelinga:

Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, gode assistenar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfagleg tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. 

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Helgestillingane som her vert lyst er knytt til ei kommunal korttidsavdeling og tek i mot pasientar frå sjukehuset som treng vidare behandling og oppfølging før heimreise.

Om stillinga:

Stillingane blir lagt i årsturnus med 16 helgar

Ei stilling knytt til 2. etg og den andre til 3.etg.  Begge er 15% fast.

Arbeidsoppgåver:

  • Pleie, oppfølging og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø

Kvalifikasjonar: 

Ønskjer søkjarar som er student innan helse, men kan og vere søkjarar som er nysgjerrig på helsesektoren og som ser for seg å ta utdanning som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller anna helsefagleg utdanning på sikt. Søkjar må vere trygg i skriftleg og munnleg norsk. Krav om B-2 i norsk.

Må vere 18 år.

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid og i utdanning innan helse

Eigenskapar:

  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar og menneske som er i siste fase av livet
  • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av  opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt og er eigna til denne arbeidsformen
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har gode IT-kunnskap

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20

Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 481 77 990

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/7563

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

07.04.2026

Tiltreding:

01.06.2026

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Anita Bildøy Hestad

tlf: 48177990

mob: 48177990

Maria Fjeldstad

mob: +47 97594805

Tonje Tangen Alvsvåg

tlf: +47 55097220

mob: +47 99700857

Adresse:

Blombakkane 77 5354 Straume

Kart: