Øygarden kommune

Helse, meistring og rehabilitering

Ergoterapeut 100% vikariat

Om stillinga

Vi har eit ledig vikariat som ergoterapeut i Helse, meistring og rehabilitering. Vikariatet varer i 6 månader, med mogleg forlenging.

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider omtrent 45 personar med ulik fagbakgrunn, dei fleste er ergoterapeutar eller fysioterapeutar. Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

På grunn av fråvær har vi behov for engasjert ergoterapeut som har interesse for å arbeide med personar med funksjonsnedsettingar i heile livsløpet.

Kontorplassering er på Straume terapisenter og på kommunedelsenteret på Rong.

Arbeidsoppgåver:

Denne stillinga jobbar hovudsakleg med vaksne/eldre personar i eigen heim. Det vert også noko oppfølging på institusjon og oppfølging med barn og unge.

Arbeidsoppgåvene er vurdering, tilrettelegging, og anna oppfølging/trening med aktuelle personar i eigen heim og på ulike institusjonar.

  • Kartlegging og vurdering av funksjonsnivå og omgjevnader
  • Tilrettelegging av omgjevnader
  • Trening på ADL-funksjon og handfunksjon
  • Hjelpemiddelformidling og bustadtilrettelegging
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Bachelor i ergoterapi
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med hjelpemiddelformidling
  • Aktuelle kurs i hjelpemiddelformidling frå nav hjelpemiddelsentral
  • Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta
  • Gode datakunnskapar

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig vert særleg vektlagt
  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Rask til å setje seg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
  • Personleg eigna

Anna:

Ein må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. Ein får bil- og køyregodtgjersle.

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt: 

Einingsleiar: Liv Møen 55 09 68 55/ 975 40 530

liv.moen@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar: Silje Merkesvik 915 50 025

Silje.merkesvik@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/7284

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Liv Møen

tlf: +47 55096855

mob: +47 97540530

Silje Merkesvik

mob: +47 91550025

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5353 Straume

Kart: