Straume bu og service senter / Fjell sjukeheim
Fag- og kvalitetsutvikler, 100% fast
Er du sjukepleiar med solid erfaring og eit brennande engasjement for kvalitet, fagutvikling og forbetringsarbeid? Ønskjer du ei sentral rolle der du kan påverke både praksis og framtidig utvikling? Då kan dette vere jobben for deg.
Straume bu- og servicesenter og Fjell sjukeheim er samlokaliserte på Straume med felles einingsleiar. Vi opprettar no ei ny 100% fast stilling som fag- og kvalitetsrådgjevar – ei nøkkelrolle i vidare utvikling av tenestene våre.
Om stillinga
Som fag- og kvalitetsleiar får du ansvar for å sikre og vidareutvikle fagleg kvalitet ved begge einingane. Du rapporterer direkte til einingsleiar og blir ein del av leiargruppa ved einingane. Stillinga gir stor moglegheit til å forme innhald og arbeidsmåte.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre kompetansehevande tiltak
- Utvikle, implementere og følgje opp prosedyrar, rutinar og retningslinjer
- Arbeide systematisk med internkontroll og risikovurderingar
- Leie og gjennomføre opplæring, kurs og fagmøte
- Vera kontaktledd for studenter, lærlingar og elevar
- Andre oppgåver delegert frå einingsleiar
- Fungere som stedfortredar for einingsleiar ved ferie/fråvær, utan formelt personal- eller økonomiansvar
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 5 års relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til lovverk innen helse- og omsorgstenesta
- Evner sjå samanheng melom økonomi og drift
- Trygg i formidling både i små og store grupper
- Erfaring med fagutvikling, kvalitetssikring og internkontroll
- Gode IT-kunnskapar og god formidlingsevne
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå sjukeheim, heimeteneste eller omsorgsbustad
- Vidareutdanning innan fagutvikling/kvalitet
- Erfaring med velferdsteknologi
- Erfaring med omstillingsprosessar
Personlege eigenskapar:
- Strukturert, sjølvstendig og systematisk
- God gjennomføringsevne og evne til å motivere andre
- Gode samarbeidsevner
- Endringsvillig og løysingsorientert
- Et godt humør
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Anna:
- Stillinga er ledig frå dags dato
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar: Helen Ågotnes, Mail: Helen.Agotnes@oygarden.kommune.no
Tlf: 93093183
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/6766
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
26.03.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Blombakkane 3 5354 Straume