Tednebakkane omsorgssenter
Tilkallingsvikarer ved Tednebakane omsorgssenter
Om Tednebakkane omsorgssenter:
Tednebakkane omsorgssenter i Øygarden Kommune ligger vakkert til på Rong. Det tar ein halv time med bil frå Straume til Rong. Som tilsett på helg har du ansvaret for bebuarar på somatisk- eller demensavdelinga. Vi jobbar tett på 45 bebuarar som har fast plass i sjukeheim. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er engasjert i oppgåver du vil møte.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid på helg og vekedagar
- Omsorgsoppgåver som helsefagarbeidar/pleiemedhjelpar knytt til bebuarar på somatisk-eller demensavdelinga
- Samarbeid med dei andre tilsette på dag- og kveldsvakt for å sikre forsvarleg pleie av våre bebuarar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Ønskjeleg med:
- Utdanning med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller erfaring frå å jobbe i eldreomsorga
Eigenskapar:
- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Ingeborg J Andersen Tovås Ingeborg.Tovas@oygarden.kommune.no
Telefon: 916 29 522
Avdelingsleiar Kjersti H Dagestad kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no
Telefon: 45736293
Einingsleiar Hilde Elin Buene Nilsen Hilde.Elin.Nilsen@oygarden.kommune.no
Telefon: 477 96 852
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/6691
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
31.03.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Rong
Kontaktpersonar:
Hilde Elin Nilsen
mob: +47 47796852
Ingeborg Tovås
tlf: +47 56382385
Kjersti Dagestad
mob: +47 45736293
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Ternholmvegen 53 5337 Rong