Øygarden kommune

Tednebakkane omsorgssenter

Tilkallingsvikar kjøkkenassistent

Tilkallingsvikar kjøkkenassistent med helgestilling ved Tednebakkane omsorgssenter

Hovudkjøkkenet på Tednebakkane omsorgssenter ligg på Rong og er eit moderne kjøkken som produserer mat etter nasjonale rettningslinjer for kosthold med fokus på tradisjonsrik kost.

Kjøkkenet produserer mat etter 2 ulike produksjonsmetodar. Varmmat til kvardager, kok & kjøl til helg både til Tednebakkane omsorgssenter og til ein annan institusjon i kommunen. Kjøkkenet produserer i tillegg mat til møter, kurs og andre arrangement i kommunen, samt drift av kantine på huset.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppvask
  • Grovkjøkken
  • Ta imot varer fra leverandør
  • Reinhold på kjøkkenet
  • Hjelpe kokken
  • Ta del i kantinearbeid ved behov
  • Forefallende arbeid på kjøkken

Kvalifikasjonar: 

  • Har fokus på hygiene og kjennskap til IK-mat/HACCP
  • Har kunnskap om mattrygghet og næringsmiddelhygiene
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til kjøkken i institusjon men det er ikkje et krav

Vi ser etter ein kandidat som:

  • Gode samarbeidsevner i team
  • Er serviceinnstilt 
  • Må være strukturert og kunne jobbe sjølvstendig
  • Har erfaring frå kjøkken

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Ved spørsmål om stillinga:

Fagleder Anne Grete Andersen aga@oygarden.kommune.no tlf:56122743/ 92856310

Einingsleiar Hilde Elin Nilsen hilde.elin.nilesen@oygarden.kommune.no tlf 47796852

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/6690

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

31.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Rong

Kontaktpersonar:

Anne Grete Andersen

tlf: +47 56122743

Hilde Elin Nilsen

mob: +47 47796852

Adresse:

Ternholmvegen 53 5337 Rong

Kart: