Blombakkane bustader
Helsefagarbeider 50 % fast natt
Om avdelinga:
Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenesta til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Her på Blombakkane bustader arbeider vi tett på kvarandre og har difor eit høgt nivå av kollegastøtte. På natt er det ein vaken og ein kvilande nattevakt. Stillinga ligg i dag i årsturnus med nattevakter og arbeid kvar 3 helg.
Stillinga er ledig frå 03.03.26
Arbeidsoppgåver:
- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
- Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar med fagbrev som helsefagarbeider kan andre og verta vurdert
Ønskjeleg med:
- Erfaring med liknande arbeid.
- Sertifikat klasse B.
Personlege eigenskapar:
- Trygg
- Løysingsorientert
- Fleksibel
- Strukturert
Anna:
- Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avd.leiar Daniel Savic Røed. Tlf: 48 99 18 64. Epost: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/4722
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Søknadsfrist:
03.03.2026
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Blombakkane 5354 Straume