Øygarden kommune

Straume bu og servicesenter

Helgestillingar 13 til 20% fast

Om avdelinga:

Straume bu- og servicesenter er eit levande og unikt omsorgssenter midt på Straume. Her arbeider ein engasjert og tverrfagleg personalgruppe for at bebuarane skal få ein aktiv og meiningsfull kvardag med tryggleik og meistring. Hos oss jobbar sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.

Senteret består av tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. No søkjer vi nye medarbeidarar som vil vera med å gi gode tenester til bebuarane våre på helg.

Vi har fleire faste helgestillingar ledige, frå 13 til 20%.

 

Vi ønskjer deg som:

er helsefagarbeidar, eller er student innan sjukepleie eller vernepleie.

Relevant erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning.

Vi tilset fortløpande.

 

Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og omsorgsoppgåver til våre bebuarar
  • Ivareta bebuars individuelle behov
  • Delta i aktivitetar saman med våre bebuarar
  • Medansvarleg til et godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

 

Ønskjeleg med:

Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller heimeteneste

 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
  • Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
  • Du evner å handtere hektiske arbeidsdager når det er nødvendig
  • Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
  • Du engasjerer deg, er positiv i møte med bebuarar og pårørande
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

 

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet

 

Vi tilbyr:

  • Støttande leiarskap og godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode bussforbindingar og gratis parkering

  

Kontakt:

Avdelingsleiar, Astrid Geitle tlf: 913 19 622

Avdelingsleiar, Heidi Reisegg Endal tlf: 919 11 187

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

2026/4723

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

09.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Straume

Adresse:

Blombakkane 3 5354 Straume

Kart: