Psykisk helse og rus/oppfølgingstenesta sør
Sjukepleiar/vernepleiar 100% mellombels
Om tenesta:
Oppfølgingstenestene er ein del av tilbodet i Avdeling psykisk helse og rus Øygarden kommune, og består av tverrfaglege, samansette team som gjev tilbod til vaksne personar med moderate til alvorlege utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Tenesta er soneinndelt med basar på Straume, Rong og Skogsvåg.
Oppfølgingstenestene i Øygarden kan tilby ein variert arbeidskvardag i eit spanande og lærerikt fagmiljø der ein får god nytte av fagleg kompetanse, og der ein gjennom samarbeid med den einskilde og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester i ein recoveryorientert praksis. Tenestene er vedtaksbasert.
Om stillinga:
Den ledige stillinga er eit årsvikariat ved oppfølgingstenesta sone sør som har base ved kommunedelsenteret i Skogsvåg. Stillinga er på dagtid og er ledig frå 12. februar 2026 med varigheit fram til 12.01.2027. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med høgt tempo og spanande og varierte arbeidsoppgåver. Dei tilsette har mykje ansvar, men kan i høg grad strukturere arbeidskvardagen sin sjølve. Arbeidsoppgåvene består i stor grad av ambulerande arbeid og koordinering av tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
- Sikre at den einskilde brukar mottek naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve til lovverk, retningslinjer og vedtak.
- Råd og rettleiing
- Nettverksarbeid
- Tilvise til behandling
- Koordinere tenestetilbod, delta i samarbeidsmøtar/ansvarsgruppe
- Delta i utarbeiding og koordinering av individuell plan (IP) og anna planarbeid
- Samarbeid med andre aktuelle instansar og profesjonar
- Hjelp til å etablere struktur i kvardagen, utvikle gode rutinar og rettleiing for å oppretthalde desse
- Stønad og motivering til meiningsfulle aktivitetar og sosial deltaking
- Legemiddelhandtering
- Praktisk bistand og opplæring (PBO)
- Journal- og dokumentasjonsansvar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie
- Erfaring frå liknande arbeid innan psykisk helse og rus.
- Personleg eignaheit for arbeid med målgruppa
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Engasjement for målgruppa
- Stor grad av fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
- Vere løysingsfokusert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Ønskjeleg med:
- Relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som har ein utmerka stå-på vilje, er positiv og løysingsorientert.
Du må ha stor arbeidskapasitet og raskt kunne snu om på planar og trø til der det er behov. Ein arbeidar tett på sårbare menneske, så høg grad av relasjonskompetanse og evne til å motivere er viktige nøkkeleigenskaper. Vi arbeidar tett i team på avdelinga og du må kunne samarbeide kring planarbeid.
Anna:
Det kan vere moglegheiter for å tiltre stillinga allereie frå januar 2026
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utviklin
- Øygarden kommune tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell, ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad
Kontakt:
- Avd.leiar Alette Kleppestø, tlf 41021044
- Einingsleiar Therese Helgesen, tlf 91529795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/840
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
27.01.2026
Tiltreding:
12.02.2026 eller etter avtale
Arbeidsstad:
Skogsvåg
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Ternholmvegen 2 5337 Rong