Øygarden kommune

Fjell sjukeheim

Helgestilling 15% fast

Om avdelinga:

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Sjukeheimen har 52 pasientar fordelt på fire somatiske avdelingar og ei dementavdeling.

Der er velferdsteknologi knytt til dei fleste av romma.

Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, servicemedarbeidarar, lege og musikkterapeut , som alle jobbar saman for å møte pasientane sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit godt arbeidsmiljø.

Vi treng no engasjerte medarbeidarar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.

Pasientane på somatisk avdeling er både avlastning, korttid og langtidspasientar. Alle med ulike behov, og vi har fokus på individuell tilpassa oppfølgjing og tenester med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Vi ønskjer medarbeidarar som legg vekt på å ha ein individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.

Vi har eit godt fagmiljø og  jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen.

Ta gjerne kontakt på telefon til avdelingsleiar eller einingsleiar om du har spørsmål om stillinga.

 

Kvalifikasjonar:

  • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

 Ønskjeleg med:

 Erfaring frå sjukeheim

Eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Evner å jobbe sjølvstendig
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag

Arbeidsoppgåver:

  • Stell og pleie
  • Aktivitet og miljøarbeid
  • Rapportering og dokumentasjon i EPJ
  • Tverrfagleg samarbeid for å møte pasienten sine behov

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

  

Kontakt:

Einigsleiar: Eivind Flem, tlf 406 11 384

Avd.leiar Maria G Furenes, tlf tlf: 480 39 223

Mail: maria.furenes@oygarden.kommune.no 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

22.12.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Straume

Adresse:

Blombakkane 5353 Straume

Kart: