
Kommuneoverlegen
Fastlege med fast heimel ved Straume legesenter.
Heimelen er lokalisert på Straume legesenter, ca 20 minuttar frå Bergen sentrum. Dette er eit veldrevent legesenter med sju fastlegar, ein LIS1 lege og dyktig hjelpepersonell. Straume legesenter har flotte nyoppussa lokalar.
Stillinga er som sjølvstendig næringsdrivande fastlege og listestorleiken er 1300 pasientar og kan eventuelt endrast etter avtale med kommunen. Ein nyttar Infodoc som journalsystem. For legar i spesialisering vert det gjeven ALIS avtale. For spesialistar i allmennmedisin dekker kommunen praksiskompensasjon med inntil 5 dagar pr år i samband med resertifisering som spesialist i allmennmedisin.
Det er pr tid ingen andre kommunale legeoppgåver tilknytt heimelen. Pr tid er det frivillig å delta i legevakt, men fastlegar blir prioritert til å få delta i legevaktsarbeid om ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver:
- Utredning og behandling av pasientar
- Deltaking på tverrfaglege møter
- Supervisjon
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Norsk autorisasjon som lege
- Fullført LIS1 tenester
- Særs gode norskkunnskapar både skriftlege og munnleg.
- Gode samarbeidsevner
Ønskjeleg med:
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt
Vi tilbyr:
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Heimelsinnehaver : Sanjay Aryal , tlf 48165914
Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen : stein.stigen@oygarden.kommune.no, tlf 55097226
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
25/26928
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.10.2025
Tiltreding:
01.11.2025
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Stein Inge Stigen
mob: +47 99626626
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Foldnesvegen 5353 Straume