
Miljørettleiar/Vernepleiar 100% fast Hjelteryggen skule
Om avdelinga:
Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 170 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua.
Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gjer eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar.
Personalet jobbar i tverrfaglege team, der ulike faggrupper er representert.
Avdelinga tek imot borna frå heile kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Helsefaglege/pedagogiske oppgåver i tverrfaglege team
- Oppfølging av born med særlege behov
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i SFO
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Bachelor i vernepleie eller anna relevant helsefagleg/pedagogisk høgskuleutdanning
- Erfaring frå arbeid med born med behov for særleg tilrettelagt skulekvardag
Ønskjeleg med:
- Ønskjeleg med erfaring med bruk av ulike hjelpemidlar
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- God arbeidskapasitet
- Fleksibel
- God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- God evne til å løyse komplekse utfordringar
- Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Rektor Siri Håland, siri.haland@oygarden.kommune.no - Telefon: 55097904/92857144
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.10.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Adresse:
Søre Knappen 4 5355 Knarrevik