Øygarden kommune

Blombakkane bustader

Helsefagarbeidar 90% vikariat

Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Årsturnus ligg med ordinære vakter og arbeid kvar 3 helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Primær/sekundærkontakt - oppgåver
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Fagbrev innan helsefagleg vidaregåande opplæring.
  • Personleg eignaheit blir vektlag

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med liknande arbeid.
  • Sertifikat klasse B.

Personlege eigenskapar:

  • Trygg
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Strukturert

Anna:  

Vikariatet er ledig til 16.07.26

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Avd.leiar Blombakkane Bustader

Daniel Savic Røed. Tlf: 48 99 18 64. Epost: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

25/25320

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

25.09.2025

Tiltreding:

15.09.2025

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Daniel Savic Røed

tlf: +47 55096825

mob: +47 48991864

Adresse:

Blombakkane 5354 Straume

Kart: