Øygarden kommune

Øygarden lærings- og integreringssenter

Programrådgjevar/flyktningkoordinator100% fast

Om arbeidsplassen:

Stillinga er knytt til Lærings- og integreringssenteret, organisert under Barne- og Familiesjefen og kommunalsjef for Oppvekst. Eininga er lokalisert sentralt på Straume og dei tilsette er ei samansett gruppe av stillingar knytt til opplæring, kvalifisering og arbeidet med busetjing og integrering av flyktningar og innvandrar. Målet er «ein veg inn» for målgruppa, og vi er opptatt av heilskapleg samhandling og koordinering av tenester innbyggarar i kommunen har rett på og behov for.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp deltakarar i introduksjonsprogrammet mot sluttmål: utdanning og/eller arbeid.
  • Gjennomføre kartleggingssamtalar og utarbeide individuelle planar (IP) i samarbeid med deltakar.
  • Fastsetje og følgje opp sluttmål og tiltak i tråd med integreringslova.
  • Motivere og rettleie deltakarar gjennom heile kvalifiseringsløpet.
  • Finne, leggje til rette for og følgje opp praksisplassar og jobbmoglegheiter i samarbeid med arbeidsgjevarar.
  • Koordinere innsats med NAV, helsetenester og andre relevante aktørar som t.d skule og barnehage
  • Sikre heilskapleg oppfølging av deltakar og familie
  • Saksbehandle i tråd med gjeldande lovverk; integreringslova og integreringsforskrifta.
  • Dokumentere og rapportere i fagsystemet Flyvo
  • Følgje opp deltaking i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og delta i undervisning av dei obligatoriske elementa i programmet og evt arbeidsretta opplæring
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid og utvikling av introduksjonsprogrammet
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov.

Kvalifikasjonar

Må ha:

  • Relevant høgare sosialfagleg utdanning (minimum bachelor) eller godkjent lærarutdanning med etterutdanning i norsk som andrespråk
  • Kjennskap til introduksjonsprogrammet, integreringslova og relaterte lover og forskrifter.
  • God formidlingsevne munnleg og skriftleg
  • Motivasjon og interesse for kvalitetssikring og tenesteutvikling
  • Erfaring med forvaltning og sakshandsaming

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med integrerings- og kvalifiseringsarbeid
  • Eit heilskapleg perspektiv på integrering
  • Samhandlingskompetanse og ynskje om å jobbe tett i eit bredt team
  • Kunnskap om gjeldande lovverk og erfaring med sakshandsaming
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Anna erfaring eller utdanning knytt til migrasjon eller integrering

Personlege eigenskapar

  • Du er god på å bygge relasjonar og tryggleik hos deltakarane.
  • Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert.
  • Du trivst i eit fagleg fellesskap og ønskjer å bidra aktivt til utvikling.
  • Du er tilpassingsdyktig og taklar endringar i ein dynamisk kvardag.

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å vere med på å utvikle introduksjonsprogrammet i ein framtidsretta kommune.
  • Meiningsfulle oppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med høg kompetanse.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • IA-verksemd og fokus på livsfase og balanse mellom arbeid og fritid.

Kontakt:

Einingsleiar Nina Håvik Pettersen – nina.pettersen@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar Jarand Høynes Lekve – jarand.lekve@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

25/22534

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.08.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Nina Håvik Pettersen

tlf: 55097672

mob: 48000697

Adresse:

Grønamyrsvegen 2 5353 Straume

Kart: