Øygarden kommune -

Øygarden lokalmedisinske senter

Sjukepleiar 27% fast natt

Om avdelinga:

Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. 

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter der nattevaktene blir fordelt i turnus på tre avdelingar og arbeid mot Fjell sjukeheim.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging, pleie og behandling av pasientane på natt
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske senter sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid om studentar på natt
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø

Kvalifikasjonar: 

Må ha: Autorisert sjukepleiar

Personlege eigenskapar:

  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar, palliative pasientar og ØH-pasienter
  • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering.
  • Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er er open,  nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har god IT-kunnskap
  • Du er systematisk og har god orden
  • Du snakkar og skriv godt norsk

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:

Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20

Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 48 17 79 90

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

25/12831

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

18.05.2025

Tiltreding:

15.06.2025

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Anita Bildøy Hestad

tlf: 48177990

mob: 48177990

Tonje Tangen Alvsvåg

tlf: +47 55097220

mob: +47 99700857

Adresse:

Blombakkane 77 5354 Straume

Kart: