Øygarden kommune

Blombakkane bustader

Kvilande nattevakt 37% fast

Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Årsturnus ligg i dag med kvilande nattevakter og arbeid kvar 3 helg. Stillinga er 37% fast med 70% nærvær. Er du på utkikk etter ei slik stilling generelt, ynskjer meir jobb enn det du har, eller studerer, vil denne stillinga væra godt eigna.

Arbeidsoppgåver:

  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar: 

Ynskjeleg med autorisasjon helsefagarbeidar, men andre søkjarar vert vurdert

Må ha:

  • Godkjent politiattest

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med liknande arbeid.
  • Sertifikat klasse B.

Personlege eigenskapar:

  • Trygg
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Strukturert

Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Avd.leiar Blombakkane Bustader

Daniel Savic Røed

Tlf: 48991864

E post: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

25/12483

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

31.05.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Adresse:

Blombakkane 5354 Straume

Kart: