
Grønebakkane bustader
Miljøterapeut 100% vikariat
En av våre flotte kollegaer går ut i foreldrepermisjon, derfor trenger vi akkurat deg!
Grønebakkane yter heildøgns omsorgstenester til menneske med nedsett funksjonsevne som bur i døgnbemanna bufellesskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på.
Turnusen er lagt i årsplan og kommer med lange vakter, 13,5t og arbeid i snitt kvar 4. helg. Moglegheit til å påvirka eigen turnus til ny årsplan (frå 01.12.25)
Vi er ei flott og tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Bufellesskapet ligg sentral i Skogsvåg nær offentleg transport og Kommunedelsenter.
Arbeidsoppgåver:
- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar /arbeidstakar
- Legemiddelhandtering etter delegert løyve
- Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Primærkontaktoppgåver for arbeidstakarar.
Kvalifikasjonar:
- 3-årig høgskuleutdanning
- Andre med relevant fagkompetanse og med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå liknande arbeid
- Kompetanse på tenesteutøving for menneske med komplekse bistandsbehov knytt til utviklingshemming, ulike former for psykiske lidingar og åtferdsproblematikk.
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Kan jobbe sjølvstendig og i team
- Er løysingsorientert
- Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive
Anna:
- Stillinga inngår i årsplan med lange vakter og arbeid i snitt kvar 4. helg.
- Ledig frå snarast og til og med 28.02.2026
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Ninni Ludvigsen Telefon nr 45 73 55 63
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
25/12097
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
27.05.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Skogsvåg
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Grønebakksvegen 7 5382 Skogsvåg