Øygarden kommune

Kolltveit skule

Helsefagarbeidar 100%

Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 240 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil aust for Straume. Skulen har siste året gjennomført ei ombygging som har gjort arbeidstilhøva meir tilpassa og moderne. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefaglege oppgåver knytt til born med særlege behov.
  • Delta i teamarbeid i skule og SFO
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i skule og skulefritidsordning.
  • Arbeid på ferie-SFO.

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Fagbrev i helsefag.

Ønskjeleg med:

  • Ønskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av teikn til tale/ASK
  • Erfaring frå arbeid med born med særlege behov

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Fleksibel
  • God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt: Odd Erik Kjeldstad

Rektor

odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no

Telefon: 55097602/99645370

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

24/21549

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.11.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Kolltveit

Kontaktpersonar:

Odd Erik Kjeldstad

tlf: +47 55097602

mob: +47 99645370

Adresse:

Alebakkane 18 5360 Kolltveit

Kart: