Øygarden kommune

Heimetenesta

Helgestillingar 15% fast

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar – Straume, Skogsvåg og Ågotnes. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske områder, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver du vil møte.

Det er no ledig fleire 15% faste helgestillingar på avdeling Straume.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid på helg i heimesjukepleien
  • Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Fagbrev innan helsefag eller studentar i sjuke/vernepleie
  • Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Andre krav:

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenummer:

24/21700

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

08.04.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Kate S. Løland

tlf: +47 56160500

mob: +47 95071121

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5382 Skogsvåg

Kart: