Gullfjellbasen
Miljøterapeut 100% fast
Om avdelinga:
Gullfjellbasen er ein avlastningsinstitusjon for barn og unge, plassert på Straume. Målgruppa er ungdom med åtferdsutfordringar knytt opp mot diagnosar. Vi har 4 plasser, ca 17 barn og unge bruker desse plassane. Fokuset i avdelinga er aktivitet/friluftsliv. Vi ligg fint til ved Gullfjellvatnet. Vi etablerer einetiltak for ungdom organisert under Gullfjellbasen. Desse stillingane skal ha hovudarbeidsstad sitt i det nye tiltaket. Avdelinga bruker ein variant av døgnturnus.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av brukarar etter enkeltvedtak
- Legemiddelhandsaming/utdeling etter delegert mynde
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartar
- Hjelpe i kvardagslege gjeremål
- Følgje i aktivitetar
Kvalifikasjonar:
- Vernepleiar/sjukepleiar eller anna relevant utdanning
- Andre med realkompetanse som er særs relevant for oppdraget
Ønskjeleg med:
- Kompetanse eller erfaring med autismespekterforstyrringar
Personlege eigenskapar:
- Robust for stillinga. Kunne stå i utfordrande situasjonar/åtferd over tid
- Evne til å lese situasjonar og forebygge
- Løysningsorientert
- Sjølvstendig
Anna:
Krav om førarkort. Menn oppmodast til å søke grunna samansetning i personalgruppa.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleder Terje Aaberg: tlf 976 12 095
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
24/20310
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.11.2024
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Terje Aaberg
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Gullfjellvegen 44 5354 Straume