Oppvekst
Barne- og familiesjef
Vil du vere med og bygge opp og utvikle det nye ansvarsområdet for Barn og familie i Øygarden kommune?
Vi søker etter ein dyktig og utviklingsorientert Barne- og familiesjef.
Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest. Det skal vera godt å veksa opp i kommunen og det ligg mellom anna til barnevernet, ungdomstenesta og Barn, unge og familietenesta (BUFT) å sjå til at vi lukkast med dette.
Stillinga som Barne- og familiesjef er nyoppretta etter ei omorganisering. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for Oppvekst og har det øvste ansvaret for Barne- og familieområdet i kommunen. Dette inkluderer for tida helsestasjonane, skulehelsetenesta, flyktninghelsetenesta, jordmortenesta, kommunepsykologar for born og unge (BUFT) samt barnevernet og ungdomstenesta. Samordning og førebygging er viktige nøkkelord i ansvaret som ligg til stillinga.
Barne- og familiesjefen er ein del av kommunalsjef for Oppvekst si leiargruppe og har eit medansvar for utviklinga av det samla kommunalsjefområdet. Leiingskompasset med verdiane modig, stolt, med glød og på lag gjev retning for korleis vi utøvar leiarskap i kommunen.
Ansvarsområdar
- strategisk utvikling av ansvarsfeltet
organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling
dagleg drift og leiing
budsjett, økonomi- og verksemdstyring
personalansvar for einingsleiarar og eventuelle stabsstillingar
kvalitet, helse, miljø og tryggleik
samhandling med politisk leiing
samarbeid og samordning på tvers i organisasjonen og særskilt mot tenesteområde i Helse og velferd
partssamarbeid
Kvalifikasjonar
relevant universitets- eller høgskuleutdanning
leiarerfaring, gjerne også frå leiing av leiarar
fortrinnsvis erfaring frå eitt eller fleire område som ligg til ansvaret
innsikt i offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
analytisk, strategisk og trygg med gjennomslagskraft
positiv, tillitsskapande og samlande leiar som evner å sette retning
utviklingsorientert og heilskapstenkande
høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
planmessig og strukturert
gode samarbeidsevner
gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
ei utfordrande stilling for deg som finn motivasjon i å bygge opp og sette spor
motiverte og kunnskapsrike kollegaer
konkurransedyktige vilkår
gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson:
Kommunalsjef for Oppvekst Marius Flesland Sylta, telefon 957 57 159.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
24/9884
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.05.2024
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Marius Flesland Sylta
mob: 957 57 159
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5354 Straume