Øygarden kommune Heimetenesta sone sør

Ringevikar, heimetenesta sone sør

Ringevikar til Heimetenesta sone sør

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.


Har du lyst på nye utfordringar og ein jobb i heimetenesta?

Er du sjukepleiarstudent, under helsefagleg utdanning eller har arbeidserfaring innanfor helsesektoren så søk her!

Vi treng fleire dyktige tilkallingsvikarar til å jobbe dagtid, kveldstid og helg.

Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre. Vi forventar at du har eit godt humør og bidreg til eit hyggeleg arbeidsmiljø.

Behovet er stort i helger så det er ein føresetnad at du kan jobbe helg når du søkjer.

Skriv litt om din tilgjengelegheit og kor mykje du kan jobbe i søknaden din.

 

Om arbeidsplassen

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner – sonene har base på Straume, Rong og Skogsvåg. Som tillkallingsvikar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Opptre med respekt og likeverd til innbyggjarane
  • Gje helsehjelp med fokus på høg faglegheit
  • Stell og pleie,- alt frå fullt stell til tilsyn og matlaging
  • Samarbeid med pårørande
  • Dokumentasjon i fagjournal

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Helsefagleg utdanning, påbegynt helsefagleg utdanning eller erfaring innan helsesektoren.
  • Erfaring med arbeid frå heimetenesta er ein fordel
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eignaheit
  • Sjølvstendig, stabil og punktleg
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Krav om framlegg av politiattest

 

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der vi kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift.

 

Kontakt:

Einingsleiar heimetenesta sone sør,  Kate S Løland  950 71 121 

 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenr:

22/16547

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

22.10.2022

Arbeidsstad:

Skogsvåg

Kontaktpersonar:

Kate S. Løland

tlf: +47 56160500

mob: +47 95071121

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5382 Skogsvåg