Øygarden kommune IKT og dokumentsenter

IT-konsulent 100% fast, IKT og dokumentsenter

IT konsulent – 100% fast stilling

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:
På IKT og dokumentsenter er det ledig fast stilling som IT konsulent. IKT utviklar, driftar og vedlikeheld teknisk infrastruktur og programvare for heile kommunen. Vi yter brukarstøtte, driv med feilretting og handterer innkjøp av utstyr. Øygarden kommune er ein langstrakt kommune med drift på omlag 100 bygg.
IKT er lokalisert på Straume, Rong og i Skogsvågen. Arbeidsstad for denne stillinga vil vere på Straume.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og utvikling av telefoniløysing, både IPT, mobil og bedriftsnett
  • Kundekontakt, opplæring, feilrettings- og leveringsoppdrag
  • Klargjering og installasjon av utstyr
  • Dokumentasjon
  • IKT vakt

 

Kvalifikasjonar:

  • Høgskule eller fagbrev IKT servicefag
  • Førarkort klasse B

Ønskjeleg med:

  • Høg IKT- og systemkompetanse
  • God kjennskap til drift av telefoni (mobil og IPT)
  • God kjennskap til klientdrift i Microsoft miljø
  • Erfaring med bruk av Intune og SCCM
  • God kjennskap til Office 365
  • God kjennskap til Cisco nettverk
  • Erfaring frå tilsvarande stilling

 

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Engasjert og initiativrik
  • Ein god lagspelar
  • God til å kommunisere
  • Teknologi interessert

 

Vi tilbyr:

  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Fleksibel arbeidstid
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Jørgen Kausland, Stabsleiar IKT og dokumentsenter – 90968686

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

Del på:

Referansenr:

22/16492

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.10.2022

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Jørgen Kausland

mob: +47 90968686

Adresse:

Foldnesvegen 2 5354 Straume