Øygarden kommune Kvednatunet

Sjukepleiar 50% natt, Kvednatunet

Er du vår nye kollega?

50 % sjukepleiar natt Kvednatunet

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for demente. Huset består av 40 leiligheter fordelt på 4 bufellesskap. Her er stor tverrfaglighet med lege 3 dagar i veka, sjukepleiare, vernepleiare, helsefag, fysio- og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg
  • Oppgåver som legevisitt, dosering, palliativ pleie, primærkontakt
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov, fokus på miljøretta arbeid og aktivitet.
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar: 

  • Må ha: Autorisasjon sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med eldre
  • Ønskjer å jobbe med demente
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode samhandlingsferdigheiter
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

 

Anna:   

  • Vi har årsplan, som vil seie at ein får mogeleghet for å få tilrettelagt turnus etter  behov,
  • 15% av stillinga er knytt til timebank

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Beate Lønningen, avdelingsleiar tlf 55096213 / 91673031

Elbjørg Landro, avdelingsleiar tlf 55096212 / 91673032

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

Del på:

Referansenr:

22/16257

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

14.10.2022

Arbeidsstad:

Ågotnes

Kontaktpersonar:

Beate Lønningen

tlf: +47 55096213

mob: +47 91673031

Eldbjørg Landro

tlf: +47 55096212

mob: +47 91673032

Adresse:

Kvernatunvegen 9 5347 Ågotnes