Blombakkane bustader
Helsefagarbeidar 37% fast kvilande natt
Om avdelinga:
Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt.
Me er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko me verdsett høgt. Me har no ein ledig 37% fast kvilande nattevaktstilling (70% tilstedeværelse). Årsturnus ligg med kvilande netter og arbeid kvar 3 helg.
Kvilande natt er erfaringsbasert ei stilling som kan passa for eit bredt spekter arbeidssøkjarar. Då det både er ei god generell stilling, men og kombinerer seg godt med skule og andre stillingar for dei som har jobb, men er på utkikk etter meir.
Me søkjer deg som brenn for å sikra gode tenester til menneske med utviklingshemming. Du er fagleg engasjert, og liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tenesta vår i samarbeid med andre.
Arbeidsoppgåver:
- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
- Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Primær/sekundærkontakt - oppgåver
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev som helsefagarbeidar. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Ønskjeleg med:
- Erfaring med liknande arbeid
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:
- Trygg
- Løysingsorientert
- Fleksibel
- Strukturert
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Daniel Savic Røed, telefon 48 99 18 64, e-post: daniel.roed@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Del på:
Referansenummer:
2026/12932
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Søknadsfrist:
04.06.2026
Tiltreding:
01.06.2026 eller etter avtale
Arbeidsstad:
Straume
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://oygarden.kommune.noAdresse:
Blombakkane 5354 Straume