Øygarden kommune - Spildepollen skule

Barne- og ungdomsarbeidar 75% vikariat – Spildepollen skule

Spildepollen skule søkjer barne- og ungdomsarbeidar i 75% vikariat frå snarast til 31.07.2023.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Følge skulen sine rutinar og planar
  • Gje støtte og hjelp til born i læringsarbeid, sosial utvikling og i samspel med andre
  • Oppfølging av born med særlege behov
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i SFO
  • Omsorg og leik med barna

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant utdanning eller erfaring kan vurderast
  • Erfaring frå arbeid med born med behov for særleg tilrettelagt barnehage-/ skulekvardag
  • Erfaring frå barnehage, skule eller tilsvarande arbeid

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer deg som er løysningsfokusert, omsorgsfull og initiativrik
  • Du er ein trygg vaksen som likar å jobbe med barn
  • Du er pålitelig, ansvarsbevisst og har godt humør
  • Du er omgjengeleg og ein god kollega
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Fleksibel
  • Gode evner til å byggje relasjonar til barn, føresette og kollegaer
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk

Anna:

  • Stillinga følgjer stillingsruta og løna vert difor redusert med 11%.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Referansenr:

22/16609

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.10.2022

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Spildepollen

Kontaktpersonar:

Linda Selheim

tlf: +47 56327702

mob: +47 90241258

Adresse:

Grasbakken 100 5381 Glesvær