Øygarden kommune NAV Øygarden

Rettleiar 80% fast, NAV Øygarden

Rettleiar 80% fast i NAV Øygarden

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

NAV Øygarden er ein spannande og utviklande arbeidsplass og har omlag 85 høgt kvalifiserte og motiverte tilsette fordelt over fire avdelingar. Vi har ansvar for å yte tenester etter Folketrygdloven, arbeidsmarknadsloven, gjeldsrådgjeving og lov om sosiale tenester i NAV.

Vårt hovudfokus er å gje menneske med behov for bistand, moglegheit for arbeid og aktivitet gjennom godt samarbeid med næringslivet. Vi skal også hjelpa til med å gjera menneske sjølvhjelpen.

Vi har ledig ein fast stilling i avdeling service og velferd. Avdelinga har ansvar for publikumsmottak og sakshandsaming, forvaltningsarbeid og økonomisk rådgjeving etter Lov om sosiale tenester.

Vi treng ein saksbehandlar som kan behandle søknadar om sosialhjelp, naudhjelp og mellombels bustad. Ein må også kunne vere innstilt på å ta vakter i publikumsmottak, og hjelpe til med andre oppgåver i avdelinga.

Vi søkjer etter deg som er opptatt av utvikling, rettleiing og å motivera menneske. Den vi tilsett må kunne samarbeide med brukarar, og jobbe sjølvstendig og i team.

 

Stillinga er 80% fast, men det kan vere at den aukast opp dei neste åra.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandle søknader om økonomisk sosialhjelp etter Lov om sosiale tenester i NAV
  • Handtering av akutt behov for mellombels bustad, krisehjelp, m.m
  • Råd, opplysning og rettleiing
  • Samarbeid med andre instansar
  • Kartlegge, avklare og følge opp brukar

 

Kvalifikasjonar: 

Du må ha:

  • Minst 3-årig høgare relevant utdanning, fortrinnsvis bachelor i sosialt arbeid.

Ønskjeleg med:

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode samarbeidsevner
  • God kunnskap om relasjonsbygging
  • Rettleiingskompetanse
  • God økonomisk forståing
  • Erfaring frå arbeid i NAV
  • Erfaring med å jobbe innanfor fleire datasystem

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å møte brukarar der dei er
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Evne til å bidra til å skape eit godt samarbeidsklima med brukar, kollega og samarbeidspartnar
  • Evne til å jobbe under press og vere strukturert og ryddig
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar vektleggas    

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldende avtaleverk i Øygarden kommune

 

Anna:

  • Arbeidsstaden er i nye lokaler på Solsio, ved siden av Sartor Storsenter

 

Kontakt:

Avdelingsleiar Service og velferd Lin-Torill Fjelde telefon 992 12 951 eller mail: lin.torill.fjelde@nav.no.

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

Del på:

Referansenr:

22/16546

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.10.2022

Arbeidsstad:

Straume

Kontaktpersonar:

Lin-Torill Fjelde

mob: +47 99212951

Heimeside:

http://www.nav.no

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5354 Straume