Øygarden kommune - Sundheimen

Helsefagarbeidar

Vikar helsefagarbeidar  68,78% stilling- Demensavdeling på Sundheimen, dag/kveld


Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Ein av våre tilsette skal ha permisjon eit år frå 01.september.

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Dementavdelinga har i hovudsak langtidpasientar.

Vi søker ei kollega som trivst med å skape gode relasjonar og som har evne til å tenke heilhetleg. Vi legger til rette for bruk av verktøy og innan vurderingskompetanse. Vi har mange fagområder som krev ressurspersonar som er engasjert og tek ansvar.  Om du har noko du brenner for, så skriv gjerne noko om dette i søknaden din. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneske
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dagleg avdelingsarbeid
  • Dokumentere faglege vurderinger
  • Rettleiing av elevar/ lærlingar og tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 Ønskelig med:

  • Erfaring frå arbeid med eldre  og gjerne med erfaring med demente brukarar.
  • Har du videreutdanning i tråd med einingas behov, så verdsettes det
  • Erfaring frå kommunale helsetenestar vil vere ein fordel, men og kompetanse frå sjukehus og institusjonar er relevant
  • Om du ønsker å jobbe på sjukeheim og er nyutdanna er du og velkommen til å søke 

 

Eigenskapar: Gode kommunikasjonsevnar

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i fag og forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

 

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Meiningsfylte arbeidsdagar
  • Fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Gratis parkering

 

Anna:

  • Dette er eit vikariat 01.09.2022- 31.08.2023. Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år. Frå september til desember er det gjeldande turnus. Neste halvår kan ein kome med ønske for årsplan.
  • Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.  

 

Kontakt:

Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar: Ann-Magritt Gamlemshaug 56160400/ 97501368 ann-magritt.gamlemshaug@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenr:

22/13284

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

03.10.2022

Tiltreding:

01.09.2022

Arbeidsstad:

Skogsvåg

Kontaktpersonar:

Ann - Magritt Gamlemshaug

tlf: +47 56160400

mob: +47 97501368

Janne Thode

tlf: +47 56339720

mob: +47 45044569

Adresse:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5382 Skogsvåg