Øygarden kommune - Tednebakkane omsorgssenter

Helsefagarbeidar 100% fast - Tednebakkane omsorgssenter

Om Tednebakkane omsorgssenter:

Tednebakkkane Omsorgssenter ligg i naturskjønne omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden. På Tednebakkane omsorgssenter er det to avdelingar, somatisk- og demensavdelinga. På demensavdelinga er det 20 rom fordelt på 3 bueiningar. På somatiskavdeling er det 28 rom som er fordelt på 4 bueiningar. Totalt er det plass til 48 bebuarar på huset. Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen høg. Ønsker du å være del av vårt trivelege felleskap, er du hjarteleg velkommen til å søke jobb hos oss.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg stell og pleie av bebuarar
  • Sjå den einskilde pasient sitt behov
  • Sosialisere og aktivisere pasientane

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig
  • Godt humør
  • Være glad i å arbeide med mennesker
  • Være open, triveleg og lojal

Anna:

  • Stillinga er i turnus med dag-, og kveldsvakter og arbeid 3. kvar helg
  • Ved intern tilsetjing blir anna stillingsbrøk ledig

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.10.2020

Arbeidsstad:

Rong

Kontaktpersonar:

Ingeborg Tovås

tlf: +47 56382385

May Britt Ellingsen

tlf: +47 56382383

Adresse:

Ternholmvegen 53 5337 Rong