Øygarden kommune -

Sjukepleiar 50% natt- Sundheimen

Om avdelinga: 

Sundheimen , lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre mennesker
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Eigenskapar:

  • Ønskjer å jobba med eldre sjuke mennesker
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

Anna:

  • Stillinga inngår som del av årsplan.
  • Sjukepleiarar i fast turnus på natt får eit tillegg på 40.000,- pr. år (justert etter st. %) over gjeldande tariff.
  • Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr. 25.000,- pr år over gjeldande tariff.
  • Stillinga kan aukast med timebank.

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå sjukeheim og gjerne med erfaring med demente brukarar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.10.2020

Arbeidsstad:

Sundheimen

Kontaktpersonar:

Janne Thode

tlf: +47 56339720

mob: +47 45044569

Renate Forland

tlf: +47 56339710

Adresse:

5382 Skogsvåg