Øygarden kommune - Heimetenesta sone sør

Sjukepleiar 80% fast - Heimetenesta sone sør

Heimetenesta er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim. Ein vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og åleine. Vi treng deg som ein kompetent sjukepleiar som kan utføre sjukepleiefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver i tenestemottakar sin heim
  • Primærsjukepleie
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Dokumentasjon i fagjournal
  • Samhandling med pårørande

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisert sjukepleiar

Andre krav:

  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

 Anna:

  • Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr. 25.000,- over tariff
  • Stillinga vert ledig frå 01.03.2021

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

27.10.2020

Tiltreding:

01.03.2021

Arbeidsstad:

Heimetenesta sone sør

Kontaktpersonar:

Kate S. Løland

tlf: +47 56339703

mob: +47 95071121

Adresse:

5382 Skogsvåg