Øygarden kommune

Helsefagarbeidar/spl.student/assistent 13% fast

Om avdelinga:

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Sjukeheimen har 42 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 34 pasientar  og dementavdelinga med 8 pasientar.

Somatisk avdeling har avlastnigsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar.

Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov. 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefaglege oppgåver
  • Ivareta pasientanes individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • Ønskeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning 

Ønskjeleg med:

 Erfaring frå sjukeheim

Eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Serviceinnstilt og tek avgjerdar
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
     

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

26.10.2020

Arbeidsstad:

Fjell sjukeheim

Kontaktpersonar:

May-Britt Hægland

mob: +47 95160647

Ruth Nordeide Bakke

tlf: +47 55097413

mob: +47 90360110

Adresse:

Blombakkane 5353 Straume